Melde frå om tilretteleggingsbehov

Har eleven tilretteleggingsbehov den vidaregåande skolen bør vite om? 

Rådgivar ved skolen der eleven går no, hjelper til med å fylle ut skjema og legge ved dokumentasjon som gjeld tilretteleggingsbehovet. 

Den vidaregåande skolen får informasjonen når eleven har fått skoletilbod. I skjemaet kan eleven be om samtale med skolen før skolestart. 

Tilretteleggingsbehov kan f.eks. vere: 

  • Behov for individuelt tilrettelagt opplæring (tidlegare spesialundervisning)
  • Behov for særskilt språkopplæring
  • Behov for tekniske hjelpemiddel
  • Behov for personleg assistanse
  • Medisinske vanskar som skolen bør vite om

Ein kan bruke webskjema som ein kan sende digitalt direkte til skolen. 

INFOHEFTE - Informasjon om innsøking med særskilte rettar og melding om tilretteleggingsbehov (PDF, 2 MB)