Finn rett fagkode
Du finn informasjon om fag og fagkodar på Udir.no.
Dersom du er i tvil om kva fagkode du skal bruke, ta kontakt med skolen du har vore elev ved tidlegare. Har du ikkje vore elev i Møre og Romsdal tidlegare, tek du kontakt med skolen du skal ha eksamen på. Sjå kontaktinformasjon til skoler som held eksamen
- Ver obs på at du melder deg opp med fagkoden som høyrer til rett læreplan.
Meld deg opp med rett fagkode
Alle fag/eksamenar har ein eigen fagkode. Du er sjølv ansvarleg for at du melder deg opp i rett fag i Privatistportalen. Du kan søkje opp fag ved å bruke enten fagnamn eller fagkode.
Søk på fag eller fagkode i Privatistportale (Visma)
Fag som krev fleire eksamenar
I nokre fag må du ta både ein skriftleg og ein munnleg eller munnleg-praktisk eksamen for å få godkjent faget.
Merk at skriftleg og munnleg eller munnleg-praktisk eksamen i same fag har ulike fagkodar, og du må betale for kvar eksamen. I fag som krev fleire eksamenar, treng du ikkje ta skriftleg og munnleg eller munnleg-praktisk eksamen i same eksamensperiode.
Eksamen i framandspråk utan opplæring
I Møre og Romsdal kan du melde deg opp som privatist i alle framandspråk utan å ha fått opplæring i faget. Oppmelding gjer du i privatistportalen.
For framandspråk der vi ikkje har eigne munnlege sensorar, blir den munnlege eksamenen gjennomført digitalt.
Eksamen blir halden ved ein av desse skolane:
- Ålesund vidaregåande skole
- Molde vidaregåande skole
- Atlanten vidaregåande skole
For å få faget godkjent, må du melde deg opp til både skriftleg og munnleg eksamen.