Er du permittert eller ledig? Nå kan du få gjort ferdig videregående opplæring

Har du gått i vidaregåande opplæring og ikkje fått vitnemål eller tatt fagbrev?  Har du ikkje gått på vidaregåande opplæring, men har lang arbeidspraksis? Om du er blant dei som i tillegg er permittert eller arbeidsledig, tilbyr no Møre og Romsdal fylkeskommune eit opplæringstilbod som hjelper deg til å få vitnemålet/fagbrevet komplett.

Skriv ut

Tilbodet er retta mot dei som manglar fag for å bli ferdige med vidaregåande opplæring.  Kanskje du slutta før du var ferdig med skolen eller læretida? Eller kanskje manglar du, eller strauk i eit eller fleire fag, eller ikkje fekk teke fagprøva?

Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker at flest mogleg skal få fullført vidaregåande opplæring.  Nå har vi moglegheit å hjelpe fleire med å kome i mål.

Fylkeskommunen har fått eit tilskott på 15 millionar kroner frå stortinget som vi skal bruke til å gje tilbod til ledige og permitterte i samband med pandemien.

Det vil bli sett i gang ulike tiltak utifrå behova til dei som er interessert.

Tilbodet er gratis!

For å melde interesse må du fylle ut registreringsskjemaet lenger nede på sida.

Etter at fristen er ute, vil det ta ei stund før vi har meir informasjon om kursa. Vi kjem tilbake til kvar enkelt i løpet av november/desember for å gje tilbakemelding på kva tilbod vi i første omgang vil sette i gang.

Frist for å sende inn skjemaet er 30. oktober.

På nettsiden til Møre og Romsdal fylkeskommune, mrfylke.no, finner du skjemaet og kontaktinformasjon

Kontakt