Skolen heime er bomba, no får Roman gå på vidaregåande i Møre og Romsdal
No har dei vidaregåande skolane i Kristiansund, Molde, Ålesund og Ørsta kome i gang med eit tilbod som opnar snarvegen til utdanning for flyktningar. Ikkje berre får ungdommar i alderen 16 til 19 år førebu seg til vidaregåande opplæring, denne heilt nye ordninga hjelper dei også raskare med å bli integrert i samfunnet.
For Roman frå den sønderbomba grensebyen Dvorichna mot aust i Ukraina, er innføringsklassa i Molde kjærkomen. Skolen hans heime er øydelagt av krigsherjingar. Han viser fram bilder av dei sørgjelege restane. Huset til besteforeldra var totalt øydelagt for nokre få døgn sidan. - Takk Gud, dei kom seg ut rett før det skjedde, seier han. - Eg ønsker berre at krigen tek slutt, sier Roman. Heile familien har nyleg flykta frå okkupert område. Far til Polen, og han og mor til Molde.
Rett til utdanning
Roman har starte på innføringsklassa på Romsdal vgs. Tilbodet gjeld for heile fylket, for flyktningar som har kome til landet etter at søknadsfristen til vidaregåande utdanning gjekk ut. Flyktningar frå Ukraina får kollektivt mellombels opphaldsløyve, og dette gir ungdommar i den rette alderen rett til å søke skoleplass i den vidaregåande skolen.
- Dette gjer vi for at dei skal få vere saman med jamaldrande, og for at dei skal kunne førebu seg til ordinær vidaregåande skole. No slepp desse ungdommane å sette livet sitt «på vent», seier kompetansesjef Karianne Dimmen Flovikholm i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Rundt femti elevar er på plass i Møre og Romsdal, dei aller fleste frå Ukraina. I klassen på Romsdal videregående skole er dei tolv, og alle er frå Ukraina.
Flyktningane jublar over tilbodet
Møtet med Noreg og folket her har Roman berre lovord om. Det same gjeld skoletilbodet med innføringsklasser, slik at han og jamaldringane kan begynne på ordinær vidaregåande utdanning snarast råd. Medelevar samstemmer, dette er viktig og til stor nytte for dei:
- Det viktigaste er at vi som flykta kan føle oss trygge. Eg er veldig glad for måten vi har blitt møtt på av folk her til lands, og skoletilbodet hjelper veldig i ein vanskeleg kvardag, påpeikar Iulianiia frå Kyiv. Ho er her saman med mor og to søstrer, mens far og bror er att heime. – Det nye livet og eit uvant språk krev sitt, men med vilje går det bra, smiler ho. På fritida tek ho del i nettundervising ved eit universitet i heimlandet.
Møter norske ungdommar
- Eg er svært takksam for at vi får sjansen til å studere vidare, og samstundes treffe andre ungdommar både frå heimlandet og frå Noreg. Krigsutbrotet har vore ei veldig tøff påkjenning. Ingen ting er slik det var før, seier Yuliia frå Kyiv, som har mor og far heime i Ukraina, men ei tante i Noreg. – Språket her er krevjande, men det går, særleg når vi får bruke det til dagleg. Det vanskelegaste no er bekymringa for dei der heime, legg ho til.
- Vi ser at dette tilbodet verkeleg har stor verdi for deltakarane, både fagleg og sosialt, slår læraren deira, Solveig Gjerdset fast.