Vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal i toppsjiktet
Møre og Romsdal er framleis best i landet på gjennomføring per skoleår og har dei lågaste fråværstala. Dei aller fleste elevane og lærlingane trivst, og talet på nye lærekontraktar auka i 2020, som einaste fylke og for tredje år på rad.
Dette er nokre av hovudtrekka frå Kvalitetsmeldinga for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal, som nyleg vart behandla i utdannings- og kompetanseutvalet. Meldinga er ein rapport på læringsresultat, fråfall og læringsmiljø i vidaregåande opplæring, og er basert på statistikk og brukarundersøkingar.
Kompetansesjef Kariann Dimmen Flovikholm i Møre og Romsdal fylkeskommune er særs nøgd med hovudtrekka:
- Resultata er eit uttrykk for systematisk arbeid på skolane og i lærebedriftene våre, der målet er å sikre gode og trygge læringsmiljø, at flest mogleg gjennomfører opplæringa si, og at elevar og lærlingar blir best mogleg førebudde på vidare studiar og arbeidsliv. At yrkesfaga held fram med å styrke seg er vi spesielt nøgde med - vi veit at næringslivet treng stadig fleire fagarbeidarar i tida framover.
På topp nasjonalt
Meldinga viser mellom anna at:
- 91,3 prosent av elevane fullførte og bestod skoleåret 2020-2021. Det er best i landet, og tangerer rekordresultatet frå førre skoleår
- Færre elevar og lærlingar vart mobba skoleåret 2020-2021 enn ved førre skoleår, med ein nedgang på 0,3 prosent for elevar og 1,1 prosent for lærlingar. Resultata våre er betre enn gjennomsnittet for fylka, men det blir arbeidd vidare med å nå nullvisjonen. Mobbing på skolen har gått frå 4,6 prosent i skoleåret 2017-2018 til 2,9 prosent i 2020-2021.
- Fylket er det einaste med auke i talet på nye lærekontraktar i 2020 og ei positiv utvikling dei tre siste åra. Det er 69 fleire nye lærekontraktar i 2020 enn frå same periode i 2018. Blant elevane og lærlingane høyrer no 54,2 prosent av dei til yrkesfaga.
- Fråværet er lågast i landet, på berre 2,5 prosent.
- 2,4 prosent av elevane slutta i løpet av skoleåret 2020-2021. Det er godt under det nasjonale snittet på 3,0 prosent.
- Dei aller fleste elevane og lærlingane trivst på skolane og i bedriftene sine. Det blir meldt om nok faglege utfordringar og god støtte frå lærarar og rettleiarar.
- Bruk av halvtårsvurderingar har auka i lærebedriftene. Halvtårsvurderingane er viktige for å fremme personleg og fagleg utvikling.
Kvalitetsmeldinga skal til endeleg politisk behandling i fylkestinget i desember.
- Vi ser mange positive endringar, pandemi til trass. No er vi tilbake til ein meir normal kvardag, og både skoletilsette, elevar og lærlingar fortener ein stor takk. Vi må halde fram det gode arbeidet, jobbe for fleire læreplassar og null mobbing, seier kompetansesjefen
Du finner mer om dette på nettsiden til Møre og Romsdal fylkeskommune: mrfylke.no