Kva er karriererettleiing?

Ønsker du nokon å snakke med om jobb eller utdanning? Vi tilbyr gratis karriererettleiing til vaksne over 19 år og lærlingar. 

Korleis foregår det?

Karriererettleiing er ein samtale mellom deg og ein rådgivar, der målet er å finne ut kva du vil, kan og kva moglegheiter du har for jobb eller kompetanseheving. Samtalen er konfidensiell og fortruleg.

Vi vil gå gjennom

  • kartlegging av interessene dine
  • utdanningstilbod og moglegheiter for arbeid
  • private og offentlege kurstilbod som er aktuelle for deg
  • råd til korleis du skriv ein CV eller ein jobbsøknad
  • råd til jobbintervju

Er du lærling kan du få rettleiing om både utdannings- og yrkesval, og personlege eller sosiale utfordringar som påverkar det faglege eller sosiale miljøet på arbeidsplassen.

Lærlingar kan få hjelp til 

  • Omval og nye utdanningsmoglegheiter
  • Overgangen frå skole til bedrift
  • Personlege utfordringar i kvardagen
  • Tips om jobb etter endt læretid

Dette bør du tenke gjennom før samtalen

  • Kva er den viktigaste grunnen til at du vil ha karriererettleiing?
  • Kva ønsker du spesielt å få hjelp til?
  • Korleis ser ønska dine for framtida ut?
  • Kva for andre moglegheiter har du tenkt på?
  • Kva trur du skal til for at du skal kunne oppnå det du ønsker? 
  • Kva er dei største utfordringane dine i med omsyn til framtidig  jobbsituasjon slik du ser det?
  • Korleis vil du beskrive deg sjølv som person?
  • Kva opplever du er viktig for at du skal trivast på ein arbeidsplass?
  • Kva likar du godt å gjere når du jobbar og/eller når du har fri?
  • Når har du følt trivsel og meistring i skule- eller yrkessamanheng?